Sunnfjord Stisykkellag er ein frivillig interesseorganisasjon for syklistar som syklar på stiar i terrenget i Sunnfjord.

For å samle terrengsykkelmiljøet i Sunnfjord og stå sterkare i arbeidet med å få realisert tilrettelagde stiar har vi stifta Sunnfjord Stisykkellag som eit lokallag av NOTS – Norsk Organisasjon for Terrengsykling.

Om NOTS og kva dei står for, sjå deira heimeside www.nots.no.

Vi vart skipa på møte den 22. november 2017 med 10 medlemmer. Laget består per i dag av eit styre på fem personar og totalt 33 medlem. Vi gjennomførte første ordinært årsmøte i mars 2018. Vi er i gang med å rekruttere medlemmar, samtidig som vi snekrar vidare på våre visjonar, mål og konkrete planar.

Visjonen er å gjere sunnfjord til ein endå betre plass å sykle for store og små og ta stisykling inn i varmen for folk flest.

Målet er å jobbe for å utvikle og styrke interessene og moglegheitene til stisyklistar. Fysisk aktivitet og frisk luft til alle tohjulte er sentralt i alt vi gjer, men vi er opptatt av at syklinga skal skje på ein bærekrafrig måte og i samarbeid med turfolk, grunneigarar og andre. Dei som er tilknytta oss skal være ambassadørar for eit godt miljø og godt stivett – både for erfarne syklistar og dei som vil begynne å sykle.

Vi har organisasjonsnummer 920 827 616.

Styret

  • Øystein Sellevold, leiar
  • Hallvard Avdem
  • Arne Runde
  • Håvard Grimelid
  • Lars Christian Danby Engø

Samarbeidspartnarar

I tillegg til vårt naturlige samarbeid med NOTS, samarbeider vi i dag med Sunnfjord Utvikling, men vil også sjå oss om etter andre naturlige samarbeidspartnarar.