Vedtekter for

SUNNFJORD STISYKKELLAG

§ 1 Organisasjon

  1. Norsk Organisasjon for Terrengsykling (NOTS) er bygd opp av lokale foreiningar (lokallag) og sentralleddet.

§ 2 Lokallag

  1. Sunnfjord Stisykkellag er eit lokallag i NOTS.
  2. Sunnfjord Stisykkellag er organisert som foreining med eige organisasjonsnummer, 920 827 616.
  3. Sunnfjord Stisykkellag har geografisk tilknyting til Sunnfjord-området. Ved siste vedtektsendring hadde lokallaget medlemmer frå kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

§ 3 Verksemd/formål

  1. Sunnfjord Stisykkellag skal spreie informasjon om terrengsykling slik at det blir skapt positive haldningar til aktiviteten.
  2. Sunnfjord Stisykkellag skal delta i politiske diskusjonar, høyringar og planarbeid for å sikre at terrengsyklistane sine interesser blir tatt vare på.
  3. Sunnfjord Stisykkellag skal samarbeide med styresmakter, grunneigarar og organisasjonar for å bidra til vedlikehald av friluftsområde slik at dei kan vere til glede og nytte for alle brukargrupper.

§ 4 Årsmøte

  1. Årsmøtet er Sunnfjord Stisykkellag sitt øvste organ og skal haldast årleg i februar. Styret har ansvar for å kalle inn til årsmøte.
  2. Saker til behandling på årsmøtet må vere innkomne til styret i Sunnfjord Stisykkellag seinast tre veker før årsmøtet. Følgande saker skal alltid inngå i dagsordenen:
    • Aktivitet og rekneskap føregåande år
    • Planlagt aktivitet og budsjett kommande år
    • Eventuell revisjon av vedtekter
    • Eventuell revisjon av styreinstruks
    • Innkomne saker
    • Val av styre
    • Alle personlege medlemmer i NOTS har møte-, tale- og stemmerett på årsmøtet. Familiemedlemmer og bedriftsmedlemmer har møte-, tale- og stemmerett, likevel slik at det skal utnemnast ein representant som utøver stemmeretten. Skriftleg fullmakt vert akseptert, likevel avgrensa slik at ein person maksimalt kan stemme med fullmakt for tre personar i tillegg til seg sjølv.
    • For gjennomføringa av årsmøtet gjelder vedtekter for NOTS § 4 så langt dei passar.
    • Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte når minst to tredelar av medlemmane i styreteller minst ti medlemmer krev det.

§ 5 Styret i Sunnfjord Stisykkellag – lokallagsstyret

  1. Styret i Sunnfjord Stisykkellag (lokallagsstyret) skal vere samansett av fem medlemmer utan vararepresentantar.
  2. Styremedlem vert vald for to år om gongen. Styreleiar vert utpeika særskilt mellom styremedlemmane for eit år om gongen. Styret konstituerer seg sjølv. Ved første val skal to av styremedlemmane veljast for eit år.
  3. Styremedlem som ønskjer å trekke seg før perioden er ute, er ansvarleg for å utpeike ein erstattar som styret elles skal godkjenne for den resterande delen av valperioden.
  4. Styret handsamar saker i styremøte, som vart kalla inn til av styreleiar eller dersom ein styremedlem krev det. Det skal førast protokoll frå styremøte.
  5. Minst tre av styremedlemmane må delta i handsaminga for å kunne gjere eit gyldig vedtak. Vedtak i styret vert gjort med alminneleg fleirtal. Ved likt tal stemmer tel styreleiar si stemme dobbelt.
  6. Styreleiar forpliktar lokallaget med si underskrift. To styremedlemmer i fellesskap har signaturrett.
  7. Styret skal utarbeide styreinstruks, og eventuell revisjon av denne skal vere på dagsordenen for årsmøtet.

§ 6 Vedtektsendringar

  1. Vedtektene kan endrast gjennom vedtak på årsmøtet og krev to tredels fleirtal. Vedtektsendringar skal godkjennast av sentralstyret i NOTS, og vil bli sett i kraft etter godkjenning.

§ 7 Oppløysing

  1. Vedtak om oppløysing av lokallaget er gyldig når minst tre firedeler av årsmøtet aktivt stemmer for forslaget.
  2. Eventuelle overskytande økonomiske midlar skal tilfalle NOTS, som skal søke å nytte midlane innanfor formålet og i størst mogleg grad i same geografiske område.

***

Vedtatt i skipingsmøte 22. november 2017