REFERAT ÅRSMØTE 2018

SUNNFJORD STISYKKELLAG

Dato: 14. mars 2018 kl. 19-21

Stad: Førde Rådhus

Deltakarar: Styret ved Øystein Sellevold, Håvard Grimelid, Halvard Avdem og Lars Christian Danby Engø. I tillegg stilte 8 medlemmar, totalt 12 deltakarar.

Sakliste/referat

1. Velkommen v/leiar

2. Om Sunnfjord Stisykkellag v/styret

Det var orientert om prosessen med skiping av laget, kva mål og visjonar laget har og kva vi ønsker å få til. Heimesida vart raskt vist og opplegget for innmelding av medlem.

3. Aktivitet og rekneskap føregåande år

Presentasjonen av laget dekka i år også dette punktet. Laget har per årsmøtet ikkje hatt inntekter eller utgifter. Det vart skissert kva postar som kjem på eit budsjett. Hovedposten for 2018 er forventa å kunne bli verktøy/reiskap til stibygging. I tillegg kjem kostnad til registering i enhetsregisteret, trøyer, klistremerker og anna marknadsmateriale og eventuelt mat og anna i forbindelse med arrangement. Det vart lagt til grunn at større inntekter og utgifter i forbindelse med konkrete prosjekt blir lagt i eige prosjektregnskap som får eigne budsjett ved konkretisering. Det er også uvisst i kva grad laget skal “eige” prosjekta, eller om vi i hovedsak skal bistå med arbeidstimar. Styret får i oppgåve å vurdere det nærare for dei enkelte prosjekt.

4. Gjennomgang og eventuell revisjon av vedtekter

Leiar gjekk igjennom vedtektene. Ingen endringar foreslått eller behandla.

5. Val av styre (sittande styre stiller til valg. ev benkeforslag)

Sittande styre innstilt til å fortsette ut valgperiode på eit og to år. Ingen benkeforslag og sittande styre valgt ved akklamasjon:

Øystein Sellevold (leiar), Håvard Grimelid, Halvard Avdem, Lars Christian Danby Engø og Arne Runde.

6. Planlagt aktivitet og budsjett komande år

Det vart diskutert ulike aktivitetar. Særlig fokus på stiutvikling og muligheter her. Styret har ansvaret for å drive aktivitetane framover. Viktig at medlemmane viser interesse og engasjement og spelar inn sine idéar til styret.

Ein grov aktivitetsplan for 2018 vart gjennomgått:

  • Rekruttering av nye medlemmar
  • Bygge miljø gjennom sosiale aktivitetar. Arrangere fellesturar i heile området.
  • Kartlegging og bygging av potensielle stiar
    • Område under Storehesten i Bygstad. Befaring med Rekkje 10. april 2018. Grunneigar positiv og vil bidra. Årsmøte positivt til å starte her
    • Åbergsdalen. Befaring med Rekkje 10. april 2018. Grunneigar positiv.
    • Mo (nord for E39), treng avklaring med grunneigar mv.
    • Førdslia vest, treng avklaring med grunneigar mv.
    • Kletten (Førde), treng avklaring med grunneigar mv.
    • Stibyggingskurs. Rekkje Stiutvikling er forespurt.
    • Utbedre eksisterande stiar (etter først å ha vore i dialog med grunneigar)
    • Mekkekurs
    • Etablere samarbeid med andre lokale sykkelklubbar og organiasjonar
      • Sogn Terrengsykkel, Nordfjord Grovsyklarlaug, Førde CK, DNT, Våtedalen tindeklubb, Jølster 365, Sunnfjord Folkehøgskule, Studentmiljøa med vidare.
      • Lage nettside (utført)
      • Opprette Facebook-gruppe (utført)
      • Orientere og komme i dialog med kommunane Jølster, Førde, Naustal og Gaular. Gå i dialog med og søke midlar frå Fylkeskommunen og fleire, herunder stiftelsar, næringsliv mv.

7. Sponsor-/samarbeidspartnarar

Delvis dekka av punkt 6. Prioritert oppgåve å skaffe midlar til verktøy og noko midlar i tillegg. Avtale med Sport1 med medlemsfordelar.

Categories: Uncategorized